Naturlig menighetsutvikling i folkekyrkja

Arna kyrkjelyd har brukt NaMu (Naturlig menighetsutvikling) i 16 år. Når vi ser tilbake på kor stor hjelp NaMu har gjeve oss, kan vi ikkje anna enn undra oss over at ikkje fleire har kasta seg utpå.

Vi kjenner rett nok også til andre kyrkjelydar innan Dnk som har brukt NaMu i lengre tid, og som har gjort tilsvarande erfaringar som vi, men det har på ingen måte «tatt av». Vi har lurt på årsakene. Vi kan sjølvsagt ikkje vita det, men vi ser føre oss at det har mykje med teologi å gjera. Og det gjeld primært teologi knytt til spørsmålet «Kva er kyrkja?»


av Jan Kåre Jakobsen (sokneprest i Arna) og Kari Secher (soknerådsleiar Arna)


Å ha to tankar i hovudet

Kyrkjelydane i Dnk har eit dobbelt oppdrag: Å vera folkekyrkje, og å vera (ei gudstenestefeirande) «forsamling». I ein kyrkjelyd/ eit sokneråd/ ein stab kan det vera høgst sprikande interesser med tanke på det doble oppdraget. Men berre unntaksvis finn ein «folkekyrkjeentusiastar» (FK) og «forsamlingsfanatikarar» (FS) i reindyrka utgåve; berre sjeldan er det snakk om enten – eller. Vanlegvis plasserer ein seg sjølv på ein skala ein stad mellom ytterpunkta. Det kan vera ulike moment som ulike personar legg ulik vekt på. Lat meg gi nokre døme:

  • FS legg større vekt på å byggja fellesskap og relasjonar. FK legg større vekt på at alle høyrer til.
  • FS legg større vekt på at «kyrkja er forsamlinga av dei heilage» (CA VII). FK legg større vekt på at kyrkja er alle dei døypte.
  • FS legg m.a.o. større vekt på at kyrkja er eit synleg FK legg større vekt på at kyrkja er eit skjult fellesskap.
  • FS legg større vekt på den kvalitative veksten (Ef 4,13). FK legg større vekt på den kvantitative
  • FS legg større vekt på å bruka nådegåvene Gud har gjeve til kyrkja (1 Pet 4,10). FK legg større vekt på at kyrkja (= dei tilsette) skal utføra kyrkjelege handlingar.

NaMu ser verdien av både å vera folkekyrkje og å vera forsamling. Difor kan NaMu fungera som ein samlande strategi i kyrkjelyden. Alle har sine hjartesaker, og det er ok. Det er ikkje nødvendig å lata som at ein ikkje ser ulikt på ting, eller legg ulik vekt på ting. Når ein klarer å ikkje berre akseptera kvarandre, men også utfylla kvarandre og dra fordel av kvarandre, kan ei spennande framtid opna seg: Korleis kan dei som brenn for at «alle høyrer til» dra fordel av dei som brenn for å byggja fellesskap og relasjonar? – og omvendt.

Det alle er samde om

Det best kjente i NaMus grunnlagstenking er dei åtte kjenneteikna på kvalitet og liv. Både FS-folk og FK-folk vil nikka anerkjennande til at det er eit mål å i størst mogeleg grad vera utrustande, og at det er eit mål at den enkelte – i størst mogeleg grad – får bruka gåvene sine. Det er òg eit mål å elska Gud, og at gudstenestene skal vera inspirerande osb. (For kva ville alternativet vore? At gudstenestene helst skulle vera minst mogeleg inspirerande, og at ein i minst mogeleg grad skulle bruka gåvene sine?). Alle vil òg vera samde om grunnleggjande teologiske læresetningar som at dei som blir døypte til Kristus, blir lagde til kyrkjelyden, og at det er Gud som avgjer kven som blir frelste på den siste dagen

NaMu tar utgangspunkt i forsamlinga

Ei innvending vi til tider møter, er at «NaMu gløymer folkekyrkja». Det er ikkje riktig. NaMu tar rett nok utgangspunkt i den gudstenestefeirande forsamlinga, men føremålet er å gjera forsamlinga i stand til å «vera noko» både for folkekyrkja og for andre. Vi vil påstå at di betre kyrkja fungerer som kyrkje, di betre kan ho fungera som folkekyrkje. NaMu-undersøkinga, som er heilt grunnleggjande når vi arbeider med NaMu, blir gjort blant dei «aktive» medlemane i kyrkjelyden. Undersøkinga er som ein helsesjekk; ho gir oss eit bilete av «helsetilstanden» til kyrkjelyden, også når det er snakk om diakoni, evangelisering og evne til å lukka nye inn i fellesskapen. Kyrkjelydar som arbeider med NaMu, tar ny undersøking med jamne mellomrom (ca. annakvart år). På den måten kan ein «kontrollera» kor vidt dei tiltak ein har gjort, har hatt effekt. Samtidig får ein eit nytt bilete av kva som er dei sterkaste og svakaste sidene i kyrkjelyden, og kva ein på ein særleg måte bør gjera noko med.

Ingen quick-fix

Sjølvsagt vil alle føretrekkja ein vedundermedisin. Det er berre det at slik medisin finst ikkje. Vi har halde på i 16 år med NaMu, og fyrst no begynner vi verkeleg å sjå resultat. Aller mest har vi hatt fokus på fellesskap/ relasjonar/ kvardags-evangelisering/ konkrete diakonale tiltak – som har vore våre svakaste sider. Diverre har berre dei færraste tolmod til å halda same kurs over lang tid. I denne samanhengen vil ikkje minst manglande kontinuitet i stab og sokneråd innebera store utfordringar. Når det så dukkar opp eit nytt tilbod på marknaden, kastar ein seg i staden på det. Mange kan fortelja at dei «har prøvd NaMu», men det verka ikkje – eller dei fekk det ikkje til. Det dei vanlegvis har gjort, er å ta ei undersøking. Men ingen blir friske av å ta ein helsesjekk.

NaMu krev eigentleg ikkje mykje ekstra arbeid, men det krevst tolmod og evne til å heile tida gå små skritt i riktig retning; og NaMu gir ei god hjelp til å finna retning og veg.

Nysgjerrige gjer lurt å ta ein titt på den nye og omarbeidde utgåva av ABC i Naturlig menighetsutvikling. Kan bestillast på namunorge.no.