NaMu i Hjelme og Blomvåg sokn – NaMu-podden episode 4 er publisert

Blomstring frå jamnleg arbeid

Korleis kan ein enkemann sine triste vinduskarmar og ei litt kald landsens kyrkje ha noko til felles? Kanskje får du svaret i podkasten om erfaringar med Naturlig menighetsutvikling (NAMU) i nordre Øygarden på Vestland. Hjelme og Blomvåg kyrkjelyd i Øygarden har fått merke positive endringar ved systematisk å sjekke helsa til kyrkjelyden og ta grep. Ommund Rolfsen opplevde at  orkideane starta å blomstre.

Frå Sprell levande kyrkje på Tednebakkane omsorgssenter i Øygarden.

Av Anne Sofie Nergård Uthaug

Podkasten publisert i november 2024 er ein samtale mellom sokneprest Espen Tveten og rettleiaren deira Ommund Rolfsen. Podkasten ligg på Spotify  (NAMU-podden) eller du kan finne den via Naturlig menighetsutvikling si nettside.

Hjelme og Blomvåg kyrkjelyd er i bedehusland og har eit godt samarbeid med bedehusa i området. Barne- og ungdomsarbeidet har vore sterkt og godt og prega av samarbeid, men for dei vaksne har det vore «kjøleg»;  det har vore mykje å hente på å byggje varmare relasjonar. Ikkje for å spara straum, men for å gjere vennskapa djupare og nærare. Det dei brukte tid på i bibelgrupper og andre grupper kjentest heller ikkje så nært livet ellers. Ved å ta ei undersøking fekk dei vite at dette var dei største hindringane for å nå nye. Gudstenestene på si side var gode og inspirerande, fortalde undersøkinga. 10 års kontinuerleg endringsarbeid har gitt resultat. Soknepresten bruker ikkje store ord om endringane, men det er blitt kjekkare å vere i kyrkjelyden, meiner han Og dei gler seg over å sjå fleire barnefamiliar kome til gudstenester og samlingar.

Som prest er det ein fordel å vite at ein ikkje berre tek tak i det ein brenn mest for sjølv, seier Tveten, men det som faktisk er behovet i kyrkjelyden. Det kan ein finne ut frå den anonyme undersøkinga mellom medarbeidarane i kyrkjelyden. Rolfsen roser Øygardskyrkjelyden for å jobbe systematisk og kontinuerleg  over år og han meiner at det er det viktigaste for å kunne sjå endringar. Det som er svakast har ofte med lokal kultur å gjere, og når ein skal prøve å påverke det som ligg minst naturleg for folk, djuptliggande haldningar og handlingsmønster, då tek det langt tid. Espen er på si side glad for at rettleiinga har oppmuntra dei og hjulpe dei å halde kurs når dei har opplevd at det var ikkje så lett å sjå endringane, og når det går trått. Men etter 10 år er det gode ting på gang – og Gud gir vekst. På same måten som Ommund Rolfsen erfarte at jamnleg vatning, klipping og stell av orkideane gav blomstring i vinduskarmane, har kyrkjelyden i Øygarden fått starta på ei blomstringstid.

Hør podcasten ved å trykke her!

 

Hovedbilde: Varme vottar til kyrkjejubileum i Hjelme gamle kyrkje. Jakob H. Hellesund og Karen O. Solheimslid. Foto: Espen Tveten.

Artikkelbilde: Sprell levande kyrkje på Tednebakkane omsorgssenter i Øygarden. Foto: Espen Tveten