Meland menighet

Menighetsutvikling når befolkningen endres. Søndagsskole, husgrupper og nye gudstjenestesteder

Navn: Meland kyrkjelyd
Adresse: Pb 117, 5906 Frekhaug
E-post: kyrkjekontor@melandkyrkja.no
Sokneprest: Torbjørn Aamli
Antall menighetsprofiler: Fem
Minimumsfaktor: Engasjert trusliv

Menigheten og lokalsamfunnet
Juridiske medlemmer: 5965
Gudstjenestedeltakere: 116 (snitt på søn- og heilagdagar)
Område der menigheten er: Landkommune med stor vekst og pendleavstand til Bergen. Kyrkja ligg midt ute på landet, medan dei fleste bur i tettbebyggelse minst fem kilometer frå.
NaMu historie
Hva var den første minimumsfaktoren?
Nådegåvebasert teneste
Hva gjorde menigheten etter den første minimumsfaktoren?
Nådegåvekurs, starta husgrupper.
Hva har vært den vanligste maksimumsfaktoren?
Livsnære grupper
Hvorfor det?
Satsinga på gruppene frå starten i 2000 har ført mykje godt med seg både i gruppene i seg sjølv og som gode frukter ut i kyrkjelyden ellers.  Oppbygging av eigne husgrupper i tillegg til private bibel-og misjonsgrupper var eit viktig kyrkjelydsbyggande grep. I siste profil var livsnære grupper likevel ikkje lengre maksimumsfaktor. Då var det nådegavebasert teneste.

Hva har vært den vanligste minimumsfaktoren?Engasjert trusliv
Hvorfor det?
Den norske kyrkja er ofte valget for dei kristne som har ei litt forsiktig tilnærming til trua.  Det er ikkje så sterk tradisjon for å vise og dele entusiasme og glede over trua. Men husgruppene hjelper ein del på dette og det er ikkje det svakaste trekket her i Meland. Inntrykket  er at det ikkje er så sterk vekt på andaktslivet i heimane eller individuelt. I nærare analyse av talmaterialet frå profilen ser ein at sjølv om folk har ei viss glede av bibellesinga, er dei tilbakehaldne med å tru at det får innverknad på kvardagslivet.  Inspirerande bønn er også ei litt sjeldan erfaring. Vi har prøvd å jobbe med undervisning og arbeid i gruppene omkring engasjert trusliv utan at det har skjedd særlege endringar på minimumsfaktoren.

Menighetsprofilenes utvikling
Hvor mange profiler har menigheten gjennomført?
Fem
Hvor mye har skåren endret seg?
Snittet har endra seg frå 40 til 50 (på det beste i 2005 på 56)
Hvordan har NaMu vært ledet og organisert?
I starten og dei siste to åra med ei eiga arbeidsgruppe leia av sokneprest og ein frå soknerådet, etterkvart kyrkjelydskooordinatoren. Oppgåva til noverande strategiutval er å arbeide med strategispørsmåla og kome med forslag til soknerådet, som har ansvar for vedtaka. Ein periode var arbeidet direkte leia av soknerådet sitt arbeidsutval, men då vart det vanskeleg å få sett av nok tid til å fordjupe seg i det på den fullstappa agendaen.
Hva har menigheten oppdaget gjennom mange NaMu-sykluser?
At det tek tid å vende ei stor skute. Det var mest endring frå første til andre profil, men etterpå har den tallfesta utviklinga stagnert. Det er krevjande å få spreidd eit sterkt medvit om denne strategitenkinga hjå fleire enn ei lita gruppe personar. Mykje utskifting i stab og sokneråd har også vore uheldig slik sett. Men likevel er det mykje positivt å peike på. Husgruppene har vore ein positiv erfaring for kyrkjelyden. Husgrupper førte til ny søndagsskule heilt i starten av NaMu-satsinga.  Søndagsskulen førte til at vi klarte å halde på ein del unge familiar. Eit relativt ungt sokneråd har medført ein sterk endringsvilje. Nye unge familiar med ønske om å bidra har kome til. Ein satsar no på månadlege gudstenester i sentrum av kommunen (Frekhaug) og leiger eit lokale på Frekhaug for å kunne satse på diakonale tiltak i sentrum. Det er også i gang forsøk med gudstenester i det andre bygdesenteret Rossland.  Det har vorte arbeidd med ei betre og sunnare team-oppbygging av det frivillige arbeidet rundt gudstenestene som vi håpar vil ha innverknad på fleire av kvalitetane. Alt dette har samanheng med eit noko sterkare medvit om å arbeide for ein sunnare kyrkjelyd.